KUNDESERVICE

Materialguide

Sjølvklebande vinyl

Sjølvklebande vinyl med permanent lim kan monterast på ei rett overflate som er reingjort på førehand. Montering akkurat som eit klistermerke. Kan nyttast på svakt bua overflater.

PVC

PVC er eit plast-materiale som er litt rimlegare enn aluminium. PVC eignar seg godt for skilt innandørs, men kan også nyttast til midlertidig skilting utandørs.

Aluminium

Aluminium vert som standard levert i ein tjukkelse på 2 mm, og eiger seg særs godt til skilting utandørs. Monterast på stolpe, vegg eller anna plan overflate.

AluPanel (Sandwichplate)

Alupanel har ei framside og bakside i aluminium, medan kjerna er i hard plast. Denne er godt eigna for både utandørs og innandørs bruk.

Reflekterande aluminium

Aluminium eller AluPanel med refleksfolie. Desse er godt eigna for skilt til utandørs bruk, og på grunn av si reflekterande overflate vert skiltet ekstra godt synleg.